Leiv Arne Grimstad
29. august 2022
Den raude tråden under IOGT Midt-Norge sitt inspirasjonseminar i Ålesund 26. august var visjonen om å kunne skape trygge oppvekstmiljø med ansvarlege vaksne.
Dette gjekk igjen med alle foredragshaldarane.
Seminaret var det 8. i rekka med Per Arne Lillebø som leiar – og ved sida hans – som elles alle desse åra - stod legen Geir Riise. I tillegg foredrog Actis-generalsekretær Inger-Lise Hansen, politimeister Ingar Bøen og økonomiprofessor Ola Honningdal Grytten.
I løpet av desse åra har tiltaket hatt over 500 lydhøyre deltakarar.
– Og det har vore fornying på deltakarlista kvart år, sa Lillebø, som i prologen til seminaret minte om at ”ingen av oss lever i eit vakuum”. – Nei, vegane vi menneske går på, er like, på den måten at dei ”set oss på val”. – For krenkingar og påkjenningar tidleg i barneåra gjer oss sårbare gjennom heile livet. – Alkohol er som ringar i vatnet. Stig forbruket, tiltek også skadane, sa han.
Geir Riise sa det slik: - Krenkingar i tidlege barneår blir som ”arr oppå hodet som en ikke blir kvitt”. - Vi vaksne må ikkje undervurdere rollene våre. Ein leiar har enormt stor innflyting. Å bry seg er avgjerande.
Målet for samlinga var å semjast om dei mest effektive tiltaka i tida som kjem.
I den avsluttande paneldebatten sa Inger Lise Hansen at ho var særleg oppteken av å skape rusfrie arenaer og gode fritidstilbod i lokalsamfunna. Ho sa seg bekymra for auka narkotikabruk og nedgang i organisert aktivitet mellom dei unge. Til å bøte på det ville ho ha fleire ressursar til frivillig sektor.
Politimeister Ingar Bøen: - Vi må vere forbilde. Det kan du vere uansett kvar du er. Eg serverer ikkje alkohol på mine leiarmøte, og har ikkje fått ein einaste negativ kommentar for det. - Gå ut til alle folkeslag. Vi er avholdsfolk. Vi blir ikkje tørrare enn vi er!
Geir Riise gjentok ”Islandsmodellen”, som Inger Lise Hansen hadde vore inne på tidlegare i seminaret: Den radikale nedgangen i rusbruk på Island dei seinare åra blir forklart med kunnskapssanking (og -spreiing), foreldreinvolvering og satsing på gode fritidstilbod.
- Eg trur kunnskap kan bevege posisjonar. – Og kunnskap får ein best ved å lese tidsskrift, t.d. verdas fremste medisinske tidsskrift ”The Lancet”, tipsa han om.
Som eit avsluttande sukk peikte politimeister Bøen på tax-free-butikkane, som var Avinor sin måte å tene pengar på for å kunne oppretthalde flyplassane: - På Vigra blir folk tvungne til å gå gjennom taxfree-butikken med alt som er der av alkohol og tobakk. Kvifor skal dei måtte kjøpe brennevin når dei har vore i utlandet? Avinor får inn pengar, ja, men kva påfører vi samfunnet? spurde han.
Innlegget har bl.a. stått på trykk i Vikebladet og Vestlandsnytt den 2. september
Inger Lise Hansen, generalsekretær i Actis, rusfeltet sitt samarbeidsorgan, opna sitt innlegg under IOGT sitt inspirasjonsseminar i Ålesund med å peike på mengda av fake news i informasjonsflaumen kring rusbruk – og særleg i sosiale medier.
I følgje økonomiprofessor Ola Honningdal Grytten er alkoholprisane her i landet halverte dei siste 20-25 åra, halde opp mot den generelle lønsutviklinga.
26. mars arrangerte IOGT politisk debatt i Molde. Tema var rusforebygging for de unge. IOGTs politiske rådgiver oppfordret til å øke midlene til forebyggingsarbeidet.
Meiner leiar i IOGT Region midt-Norge, Per-Arne Lillebø.
Valget nærmer seg, og 31. august stiller partiene med noen av sine toppkandidater fra Oslo til debatt om ruspolitikk.
Etter at vi hadde sparket i gang landsmøtet med en ruspolitisk debatt var det særlig politikk og verving som stod i fokus på årets landsmøte.
Vil du følge opp medlemmer og frivillige i en engasjert og meningsfull organisasjon på rusfeltet?
Søknadsfrist: 10.02.2023
Irland får innføre lov om helseinformasjon og advarslar på alkohol. Også norske forbrukarar bør få slik kunnskap, så dei kan ta gode helseval, meiner IOGT.
All bruk av alkohol kan være helsefarlig, skriver Verdens Helseorganisasjon i en artikkel i det anerkjente tidsskriftet Lancet.