"Sykebrændevin" mot pandemiar?

At brennevin var medisin hadde tradisjoner langt tilbake i tid. I forbudstiden ble dette aktualisert voldsomt, og leger hadde rett til å skrive ut resept på vin og brennevin til medisinsk bruk. Avisene brakte i 20-årene en melding om en lege som skrev ut nesten femtitusen resepter på et år, dvs. mer enn etthundreogfemti daglig. Teksten til denne karikaturen av Jens R. Nilssen lyder: "Ligger hun for døden, sier De? Ja det faar ikke hjelpe, jeg har annet å bestille."

Dei fleste har fått med seg at alkohol ikkje er eigna korkje medisinsk eller sosialt i kampen mot korona. Mykje har endra seg i synet på alkohol som medisin sidan spanskesjuka 1918-19. 

Mykje har endra seg i synet på alkohol som medisin sidan spanskesjuka 1918-19.

Heilt i starten på koronaepidemien i år kunne ein sjå annonsar frå Vinmonopolet som minte om at det ikkje var nokon grunn til å hamstre alkohol, for polet hadde rikeleg med varer. Seinare har det i år tvert om blitt understreka at alkohol ikkje er eigna korkje medisinsk eller sosialt i kampen mot epidemien.

I Oslo stengde byrådet 21.mars skjenkestadene, fordi dei ikkje greier å følgje dei tiltaka som er vedtatt for å hindre smittespreiing. Samtidig er det stor bekymring både hos dei som har ansvar for folkehelsa og for barn og ungdom for korleis dei nasjonale korona-tiltaka påverkar dagleglivet for barn og unge og for sårbare grupper. Slik bekymring er det truleg god grunn til. I alle fall hadde Vinmonopolet ein sterk auke i salet av sine varer då regjeringa 12.mars varsla om sine første tiltakspakkar mot epidemien.

Les også: Myter og fakta om alkohol og covid-19 

Alkohol som medisin mot spanskesjuka i 1918

Myter og fakta om alkohol og covid-19Alkohol svekker immunforsvaret og øker risikoen for luftveisproblemer og bør bare brukes til utvortes desinfisering. 
Les mer

Frå våren 1918 herja spanskesjuka i landet vårt vel eit år. Ein reknar at om lag 15000 personar i Noreg mista livet då, og ein stad mellom 50 og 100 millionar på kloden under eitt.

Ettersom legevitskapen og politikarane for 100 år sidan hadde lite å stille opp med av tiltak mot sjukdommen, var det stort spelerom for folketru og folkelege botemiddel. Og trua på alkoholens evne til å førebygge og lege vart aktivisert, også blant legar og inn i regjeringa.

Spritlegene i forbodstida

Samtidig som det frå 1916 var vedtatt forbod mot omsetting av brennevin, - med eit unntak for alkohol til medisinsk bruk - gjorde fleire legar seg kjende som «brennevinsdoktorar», og desse var vanskeleg å stoppe heilt fram til 1924, då ei ny reseptlov vart innført. Dei mest kjende av desse brennevinsdoktorane var dr. Gustav Michelsen, ein Oslo-lege som skreiv ut nesten 50 000 reseptar berre i året 1923 – og ein person som Ølportalen så seint som i 2016 hylla som ein «publikums-favoritt». Svært mange legar skreiv ut fleire hundre reseptar i månaden, og fråhaldsleiaren Sven Aarrestad rekna i 1922 ut at legane enkelte år skriv ut «ca. 2 mill. spritrecepter».

Les også: Forbudstiden - bedre enn sitt rykte?

Reseptutskrivinga var sjølvsagt ikkje gjort av idealisme eller for å fremme folkehelse, men gav god profitt: «Spritdoktoren driver gescheften i det store. Ofte har han assistenter til at hjelpe sig baade med fabrikation av recepterne og med omsætningen eller salget av dem». Prisen var gjerne 10 kr pr. resept. Blant legane var det store diskusjonar om verknadene av alkohol, og styret i legeforeininga hevda i mars 1918 at spiritus og spirituøse drikker inntok «en berettiget plass blant vore lægemidler» og at «de ikke uten skade helt kunne unnværes».

Les også: Internasjonal studie avkrefter at alkohol kan være sunt.

Manglet bevis for at alkohol virka førebyggande mot influensa eller lungebetennelse

Då sosialminister Lars Abrahamsen – som var ein profilert fråhaldsmann som prøvde å begrense reseptutskrivinga – var på sjukehus for operasjon, og kyrkjeminister Jørgen Løvland også styrte sosialdepartementet, vedtok Venstre-regjeringa 5.november 1918 at kvar familie skulle ha rett til ei halv flaske konjakk eller whisky. Men då regjeringa i byrjinga av 1919 vart bedt om å dele ut ei ny halvflaske pr husstand i «sykebrændevin», sa regjeringa i samråd med 5 medisinsk sakkyndige nei. Dei kunne ikkje sjå at det var ført bevis for at alkohol virka førebyggande mot influensa eller lungebetennelse.

Les også: Ikke drikk alkohol for helsas skyld. 

I dag synest det vere tydeleg for både legevitskapen, politikarane og folk flest at alkohol ikkje har nokon førebyggande eller helsefremmande rolle ein slik pandemi som den vi no lever i. 

18.00 7. juni - 15.00 9. juni 2024

Åsane folkehøgskole i Bergen

17.00-19.00 16. juni 2024

Røde Kors konferansesenter i Hausmannsgate 5 i Oslo

Nyheter

IOGTs foreldreundersøkelse 2024 ble lansert på Sterk&klars fagdag i Oslo 19. mars. Spørreundersøkelsen har spurt foreldre til ungdommer mellom 12 og 17 år om hva de tenker, mener og er bekymret for når det gjelder sin egen ungdom og alkohol. 

Nå er IOGT sin podkast som gir kunnskap om ungdom i dagens samfunn og nyttige verktøy til foreldre lansert

Bli med på fem spennende dager tur i rusfritt fellesskap 4.-9. september 2024. En tur full av god mat, severdigheter, besøk til småprodusenter, kulturopplevelser med blant annet besøk til Pompei og landsbyfesten Festa del’Uva – og selvsagt hyggelig samvær.