Interessant om alkohol og jern i hjernen

 Ei forskargruppe frå Universitetet i Oxford har forska på moderat alkoholbruk og auka risiko for fleire typar hjernesjukdomar som Parkinson og Alzheimer.

Forskarane har funne ut at eit par glas alkohol om dagen kan gje for mykje jern i hjernen, skriv forsking.no 16. juli i år. Det viser seg at sjølv eit moderat alkoholforbruk kan auke risikoen for Parkinson og Alzheimer og andre hjernesjukdomar.

Alkoholikarar kan ha høgare nivå av jern i hjernen, og dette kan skade nervecellene. Då dei britiske forskarane undersøkte bilda av hjernene til 21.000 deltakarar i studien sin, fann dei ut at det ikkje berre var stordrikkarar som var i risikosona for dårleg hjernehelse. Mange som drakk moderat hadde også for mykje jern i hjernen.

I artikkelen frå forsking.no viser ein til at allereie etter sju einheiter med alkohol per veke fann forskarane høgare jernnivå i hjernen hjå deltakarane. Desse fann dei særleg i dei delane av hjernen som har med hukommelse, læring, motorikk og kjensler å gjere. Dei som var avhaldsfolk hadde derimot ikkje for mykje jern i hjernen.

- Korleis kan vi få jernhelse? No viser denne studien at avhaldsfolk ikkje har for mykje jern i hjernen, så det å få ei god jernhelse, kan faktisk vere eit gode som kjem av å ikkje drikke alkohol, seier leiar Per-Arne Lillebø i IOGT Region Midt-Norge.

Elles har ikkje Noreg ei tilrådd grense for kva som er risikofylt alkoholinntak, slik som fleire andre land har. Dagens Nyheter i Sverige har laga ei sak om den engelsk studien. I samband med det har dei intervjua Sven Andréasson, professor ved Karolinska institutet (KI). Den svenske professoren meiner at denne britiske studien er imponerande, og at det er første gongen at ein så stor studie har sett på korleis eit moderat alkoholforbruk påverkar hjernen.

- Vi i IOGT synest det er fint at det vert forska på dette med alkoholbruk, og at kunnskapane som forskarane tileignar seg, kan verte publiserte i fleire land, understrekar Lillebø.

Dette innlegget har bl.a. stått på trykk i Romsdal budstikke 21. sept. 2022.

9.00-12.00 9. juni 2023

Litteraturhuset i Bergen, Østre Skostredet 5

17.00 9. juni - 13.00 11. juni 2023

Åsane folkehøgskole

17.30-22.30 23. juni 2023

Nesodden, Kirkevik

9.00 14. august - 16.00 18. august 2023

Arendal, overnatting på Sjøstrand

17.00-20.00 30. august 2023

Nordre Skøyen Hovedgård

Nyheter

Bjørnar Moxnes og flere andre politikere møtte i går representanter for IOGTs aktivitetstilbud Enestående familier i Steinkjer. Enestående familier er et sosialt tilbud til alle voksne som ofte er alene med barna sine.

- Kristiansand er en by for alle, sa varaordfører Erik Rostoft da IOGT inviterte til fagseminar i byen. Han påpekte at det må legges vekt på tilrettelegging av både det organiserte og uorganiserte ungdomslivet. 

Det står bra til med ungdom i Oslo. Det er hovedkonklusjonen i Ung i Oslo-undersøkelsen for 2023. – Trivselen øker og færre forteller om ensomhet og psykiske plager, sier Andres Bakken ved NOVA.