Tenk deg at du har utfordringar med rus. Du får tilbod om hjelp via kunstig intelligens (KI). Det er forholdsvis nytt på rusfeltet dette med KI. Samtidig ser ein no at mange rehabiliteringsplassar her til lands som tidlegare har hatt menneskeleg varme og faglege hender å tilby brukarar, ikkje lenger får driftstilskot frå staten, og dermed vert lagt ned.
Korleis kan ein så i framtida på best mogleg måte sy saman eit heilskapleg behandlingstilbod med både KI, fagfolk og frivillige? Etiske dilemma? “Nå kommer kunstig intelligens til rusomsorgen” kan vi lese om på nettsida rop.no publisert i april i år.
“- Kunstig intelligens (KI) er fremtiden i helse- og omsorgstjenesten, også på rusfeltet. KI kan brukes på mange forskjellige måter for å forenkle, forbedre og effektivisere tjenesten. Samtidig er det viktig å tenke grundig gjennom etiske dilemmaer og hvordan KI kan tas i bruk på en trygg og god måte.”
All ny teknologi medfører at ein må tenkje over det etiske aspektet ved å ta i bruk nye metodar. Anita Øgård-Repål er førsteamanuensis ved Institutt for helse- og sykepleievitenskap ved Universitetet i Agder. Ho har uttalt seg om dette teamet til Nasjonal kompetansetjeneste for samtidig rusmisbruk og psykisk lidelse, www.rop.no.
“-For en del mennesker vil det å avpersonalisere hjelpen gjøre den mer tilgjengelig. At KI er upersonlig vil være positivt for en del, og jeg tror terskelen for å søke hjelp vil bli lavere. KI kan også brukes for å forbedre behandling og oppfølging. KI kan for eksempel predikere tilbakefall, og kan kan brukes i ettervern og for å følge opp pasienter som er skrevet ut”, seier ho til rop.no.
KI - ei støtte
Vidare i same saka meiner Sveinung Tornås, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet, at det er viktig å sjå på KI som ein partnar og ei støtte, og ikkje ei erstatning for helsepersonell og mellommenneskeleg kontakt. Bruk av KI forutset også godkjenningar på samme nivå som annan teknologi i helsetenesta. Det seier Tornås til rop.no.
Pr april i år hadde ikkje Helsedirektoratet arbeidd med KI på rusfeltet spesielt. Tornås understrekar difor at det er for tidleg å gje eit utfyllande eller konkluderande svar på korleis kunstig intelligens kan brukast i rusomsorga. - Dette må framover utforskast vidare, framheld Tornås.
For IOGT Region Midt-Norge er det spennande tankar at kunstig intelligens kan nyttast i rusomsorga. Vi ser med spenning framover og tenkjer at det er fint å kunne inkludere også KI i vidare arbeid på rusfeltet, når metodeetikken er gjennomtenkt og dette har komme i gong for fullt i godkjente former. Det viktigaste er at at rusavhengige kan få hjelp til å verte rusfrie, anten det skjer ved hjelp av KI, helsetilsette eller frivillige organisasjonar som arbeider på rusfeltet. Vi ønsker alle ei riktig god og kvit jul!
IOGT Region Midt-Norge
Leiar Per-Arne Lillebø og infomedarbeidar Hjørdis Almelid Vikenes
Kjelder:
https://rop.no/aktuelt/na-kommer-kunstig-intelligens-til-rusomsorgen/
Under Arendalsveka i august i år la Helsedirektoratet fram nye kostråd. Vatn vart der framheva som eit viktig element i kosthaldet. Dessutan vart haldninga mot alkohol forsterka.
Helsemerking av alkoholvarer har lenge vore ei aktuell sak, men lite har vorte gjort her til lands. Det er difor gledeleg at helseminister Ingvild Kjerkol har gjeve Helsedirektoratet beskjed om å vurdere korleis alkoholhaldig drikke kan merkast med åtvaring om helserisiko. Det er åtte månader sidan helseministeren fekk ei utgreiing på 30 sider frå Helsedirektoratet, og Helsedirektoratet tilrår åtvaringsmerking på alkoholvarer.
Både Ungdomspanelet i Møre og Romsdal og den ruspolitiske organisasjonen IOGT har merket seg en endring i alkoholbruk og holdninger hos ungdommer i fylket. De inviterte derfor politikerne i Molde til debatt om ungdom og alkoholforebygging 28. november.
Kva er fleip og kva er fakta i kunnskapsformidlinga på rusfeltet? Det var overskrifta då leiar av IOGT Midt-Norge, Per Arne Lillebø, kalla inn til inspirasjonsseminar på Rica Parken Hotel i Ålesund fredag 29. november.