IOGT Region Midt-Norge har dei siste vekene stått på standar ulike stadar i regionen. I tillegg til at regionstyret sine medlemar står på stand, har også lokale iogt-medlemar stått på standar.
- Vi har fått god mottaking der vi har ferdast, og mange har skrive under på at dei vil vere alkoholfrie i jula når dei er saman med barn. Dette er gledeleg, seier regionleiar Per-Arne Lillebø i IOGT Region Midt-
Norge.Saman med regionstyremedlem Tor Martin Flø Gustad har han stått på standar i Melhus 25. november, og i Trondheim 7. og 8. desember, der dei fekk totalt 865 underskrifter til IOGT sin juleaksjon hvitjul.no.
Vidare har Per-Arne saman med lokale iogt-medlemer stått på stand på kjøpesenteret i Ørsta, der dei fekk 200 underskrifter 17. desember.
- Samla desse dagane har vi fått inn 1065 underskrifter, og det er fint å bevisstgjere kvarandre om kor viktig det er å ta barneperspektivet i jula, og syte for at dei har trygge rammer for julefeiringa. Borna trivst best saman med edru vaksne. Vi håper alle får ei kvit og god jul
Kvar dag påverkar vi kvarandre gjennom det vi gjer og seier. Ingen av oss lever i eit vakuum. Ansvarlege vaksne er med på å skape trygge og gode oppveksmiljø.
I 2018 ble det kartlagt en økning i cannabisbruk blant unge. Vi må fortsette å jobbe forebyggende med foreldre på laget for å få ned dette.
90.000 norske born har minst ein forelder som misbrukar alkohol, og ein reknar med at det er dobbelt så mange som har foreldre med risikofylt alkoholforbruk, skriver IOGT Region Midt-Norge.
Barn lærer av sine foreldre, og venner påvirker hverandre. Alle vokser vi inn i en måte å bruke rusmidler på som er vanlig i det miljøet vi er en del av. Alkoholvaner smitter.
Er du ofte alene med barna dine? Dra på ferie eller dagsaktiviteter sammen med andre barn og voksne gjennom Enestående familier i sommer.