Per-Arne Lillebø,Hjørdis Almelid Vikenes
Gode medarbeidarar!
I dag, fredag 18. november, har vi hatt regionstyremøte i Ålesund. Vi har snakka om framtida til IOGT Region Midt-Norge. Vi er optimistiske med tanke på framtida. Medlemstalet vårt er godt og vi har fått stått på fleire standar i år. Pt 20.10. i år hadde vi 1037 medlemar og 26 medspelarar, totalt 1063. Det er mange gode saker vi har fått på i media i løpet av året.
Inspirasjonsseminaret vårt i Ålesund i august samla 50 deltakarar og hadde mange gode føredragshaldarar på programmet. Å kunne møtast og få både fagleg og kulturelt påfyll var veldig kjekt.
No gjeld det framover om å verve endå fleire medlemar. Viss alle vervar ein medlem kvar, så er vi raskt dobbelt så mange. Det kan vere di julegåve til IOGT i år: Verv ein ny medlem!
Elles les vi i VG at det ikkje skal serverast så mykje alkohol under fotball VM i Qatar. Det er ei gledeleg nyheit. Vi har tidlegare sendt eit ope lesarinnlegg til Norges Fotballforbund om at det er inga skam å snu - når det gjeld å avslutte det å servere alkohol på norske fotballstadion. Vi har framleis ikkje fått svar frå fotballforbundet på det opne lesarinnlegget vårt....
Dette å drive med rusførebygging er tolmodet sitt arbeid. Då må ein ofte ta seg tida til å byggje relasjonar med dei vi har kringom oss i kvardagane. IOGT må framleis vere ei tydeleg røyst i samfunnsdebatten og på den måten ha førebyggjande og haldningsskapande arbeid. Om du har tankar til kva vi kan gjere som region i åra som kjem, så tips oss.
Vi er takksam for at DU vil vere medlem i IOGT Region Midt-Norge. Du er ein viktig støttespelar for organisasjonen vår.
No framover gjeld det om å skaffe underskrifter til Kvit jul-aksjonen, del gjerne den digitale lenkja www.hvitjul.no.
Ditt val om å leve edrueleg betyr noko for andre. For familien din, for vennane dine, for medarbeidarane dine og for lokalsamfunnet. Saman endrar vi alkoholkulturen. IOGT har også ein ungdomsorganisasjon, Juvente, som står saman med oss i arbeidet, ein barneorganisasjon, Juba, og ein bistands- og solidaritetsorganisasjon, Forut, som har arbeid i Asia og Afrika.
Ergo - klapp deg sjølv på venstre skulder, og tenk på alt DU er med og bidreg til. Vi ønskar alle ei fin adventstid.
Med vennleg helsing
Per-Arne Lillebø, leiar Hjørdis Almelid Vikenes, nestleiar
Inger Lise Hansen, generalsekretær i Actis, rusfeltet sitt samarbeidsorgan, opna sitt innlegg under IOGT sitt inspirasjonsseminar i Ålesund med å peike på mengda av fake news i informasjonsflaumen kring rusbruk – og særleg i sosiale medier.
Taxfree-ordningen bidrar til å svekke politiske mål både på klima- og på folkehelseområdet og undergraver Vinmonopolets samfunnsoppdrag.
I juni var det Landsmøte for IOGT på Åsane Folkehøgskole. IOGT Region Midt-Norge og lag og område i regionen vår hadde fleire utsendingar på Landsmøtet.
IOGT i Norge lanserte 10. juli en rapport på Dagsrevyen som viser at 1 av 5 har hatt ubehagelige opplevelser knyttet til drikking på offentlig plass. IOGT ber politiet gjøre mer for å redusere drikking av alkoholbruk i parker og på strender.
Trygg ungdomstid er IOGTs politiske arbeid. Vi har mange frivillige som hjelper hverandre å jobbe politisk for å forebygge alkoholproblemer der de bor. Bli med!