Per-Arne Lillebø ,John Almendingen
Under Arendalsveka i august i år la Helsedirektoratet fram nye kostråd. Vatn vart der framheva som eit viktig element i kosthaldet. Dessutan vart haldninga mot alkohol forsterka.
Helsedirektoratet sitt råd er å drikke minst mogleg alkohol for helsa si skuld. Barn, ungdom og gravide bør avstå heilt frå alkohol.
Vidare rår Helsedirektoratet til at dersom du drikk alkohol, er det lurt å sørge for at du samtidig også drikk vatn, slik at inntaktet av alkohol går saktare og den totale alkoholmengda vert mindre.
Det er positivt at mange ungdommar og andre i dag er bevisste på å nytte vatn som drikke, i staden for andre usunne drikkar. For å oppretthalde normale kroppsfunksjonar er vatn nødvendig. Helsedirektoratet tilrår at ein vaksen med moderat aktivitet får i seg vel 2 liter væske per dag – noko mindre for eldre.
Ivar Aasen sa: «Vatn er den sterkaste drikken. Det driv både kvern og sag.»
Kilde:
I januar 1884 hadde IOGT Losje Skjærgaarden sitt første møte i Herøy. Det var 6 år etter at IOGT Norge var starta. Møtevirksomheten i Herøy stansa opp etter få år. Men i 1895 vakna Losje Skjærgaarden opp til nytt liv i Sandnessjøen og har siden hatt jevnlig møtevirksomhet. Aktiviteten ellers har vært noe varierende.
Onsdag 1. mars og torsdag 2. mars kjem regionleiar Per-Arne Lillebø og Tor Martin Flø Gustad i frå regionstyret til IOGT Region Midt-Norge til Namsos. Dei står på infostand på kjøpesenteret, og håper dei får møte mange der i løpet av to dagar.
Tenk deg at du har utfordringar med rus. Du får tilbod om hjelp via kunstig intelligens (KI). Det er forholdsvis nytt på rusfeltet dette med KI. Samtidig ser ein no at mange rehabiliteringsplassar her til lands som tidlegare har hatt menneskeleg varme og faglege hender å tilby brukarar, ikkje lenger får driftstilskot frå staten, og dermed vert lagt ned.
Fordi at vatn sløkkjer tørsten mest effektivt, og kroppen treng vatn for at alle delar av kroppsmaskineriet skal fungere. Vatn er gratis, kaloriritt og lett tilgjengeleg i Norge. Vatn gjer at du toler varmen betre, og det kan gjere at du får mindre vondt i hovudet. Under trening er vatn nødvendig, og etter trening er vatn naudsynt for at kroppen skal kome seg raskt og bli klar for nye prestasjonar. Vatn er nødvendig for å tenkje klart.
Om du vil vere trendy i dag, kan du å lage fargerike og velsmakande mocktails. Slike drinkar er alkoholfrie. Dermed kan du feste saman med andre ein dag, og vere klar til ulike aktivitetar påfølgjande dag. Genialt edrueleg konsept med andre ord.
Når folk tippar hjå Norsk Tipping, kan dei velgje å støtte frivillige lag og organisasjonar. Dette må kvar einskild tippar velgje sjølv. IOGT Region Midt Norge, org.nr. 993905364, er godkjent som grasrotmottakar.