Onsdag 1. mars stod regionleiar Per-Arne Lillebø og Tor Martin Flø Gustad i frå regionstyret til IOGT Region Midt-Norge på stand i Namsos. 12 nye medlemer vart verva under standdagen
- Vi er godt nøgde med både vervinga og alle dei hyggjelege folka vi møtte i Namsos. Å verve nye medlemer er eit fokusområde for oss i 2023, seier Lillebø.
Tidlegare i år har regionleiaren tatt turar nordover og besøkt lokale IOGT-lag og IOGT-område i Sandnessjøen og Brønnøysund saman Tor Martin. Sistnemnde bur i Trondheim, så desse karane er ikkje redde for å vere på reisefot vinterstid. For regionleiaren vart det ei lang ferd sist han var på veg nordover, pga dårleg vêr gjekk reiseetappene ikkje slik som tiltenkt
- Å vere med i frivillig arbeid vil seie at ein må vere litt fleksibel og kunne ta ting slik det fell seg undervegs. Vi er heldigvis reisevande, og så er telefonen eit fint verktøy til å verve nye medlemer når ein er på tur, og ein plutseleg må overnatte ei ekstra natt undervegs, understrekar Per-Arne Lillebø.
Den raude tråden under IOGT Midt-Norge sitt inspirasjonseminar i Ålesund 26. august var visjonen om å kunne skape trygge oppvekstmiljø med ansvarlege vaksne.
Mange barn strevar med å prøve å tilpasse seg det som skjer, når vaksne rundt dei brukar alkohol. Dei kan verke upåverka og tilsynelatande ha det bra sjølv om foreldra misbrukar alkohol. Men vi veit at dette ofte kan vere ein fasade, for barna prøver å skjule dei problema som alkoholen er årsak til.
Mange barn strevar med å prøve å tilpasse seg det som skjer, når vaksne rundt dei brukar alkohol. Dei kan verke upåverka og tilsynelatande ha det bra sjølv om foreldra misbrukar alkohol. Men vi veit at dette ofte kan vere ein fasade, for barna prøver å skjule dei problema som alkoholen er årsak til.
IOGT Region Midt-Norge gleden av å invitere våre medlemmer til Refleksjon – og inspirasjonsseminar med tema Alkoholbruk og helse - om myter, tabu og fakta
Seminaret er gratis og opent for IOGT-medlemer og finner sted på Scandic Parken i Ålesund Fredag 29. november 2024 - kl 14.00.
Påmelding gjøres til Per-Arne Lillebø snarest da det er begrenset med plasser og her er det første man til mølla. Håper å se deg der!
Regionleiar Per-Arne Lillebø i IOGT Region Midt-Norge hadde innlegg i samband med leiars tale om viktigheita av medlemsverving på Landsmøtet.
Gågate. Ærverdig. Hus. Flasker. Mange. Hyllemeter. Alkoholfritt. Glutenfritt. Papp. Rett. I. Skravlekoppen.
Av og til vert eg litt stakkato i skrivemåten når eg får gode opplevingar. Det å entre inngangsdøra til butikken Vinifera var kjekt. Hyllemeter på hyllemeter med importerte alkoholfrie vinar. I tillegg er vinbutikken og kafeen i Gågata i Ørsta sertifisert Skravlekopp-butikk. Veldig flott at ein vinbutikk også har ei kaffimaskin og litt å “bite i”, slik at folk kan ta seg tida til å setje seg ned, bruke ein Skravlekopp og på den måten vere med å gjere lokalsamfunnet meir skravlete.