Betaler du for andre sin alkoholbruk?

I mars lanserte organisasjonane Av-og-til, Blå Kors og Actis rapporten «Samfunnskostnader ved alkoholbruk». Rapporten er laga av Oslo Economics. Han viser at den samla samfunnskostnaden frå alkoholkonsumet er mellom 80 og 100 milliardar kroner.

Spørsmålet er då om vi alle er med på å betalar for kvarandre sitt alkoholbruk. Rapporten viser at kostnadene har ei slik fordeling:

  • mellom 68 og 77 milliardar i tapt helse og livskvalitet.
  • mellom 9,2 milliardar og 17,2 milliardar av desse kan tilskrivast pårørande åleine.
  • mellom 10 og 13 milliardar i sjukefraver og redusert produktivitet.
  • mellom 1,4 og 7 milliardar i kostnader for helse- og omsorgstenesta.
  • mellom 1,5 og 4 milliardar i ressursbruk i andre sektorar.

– Undersøkinga som Oslo Economics har gjort viser at det norske samfunnet kan få fleire fordelar ved å redusere konsumet av alkohol - som betre folkehelse, færre alkoholrelaterte skadar, færre dødsfall og betre livskvalitet for pårørande. Det vil også gje stor økonomisk gevinst for samfunnet. Difor vil IOGT arbeide vidare for å få meir fokus på dette med haldningsskapande arbeid når det gjeld ruspolitikk.

Om alkoholkonsumet skulle auke, for eksempel til nivået med konsumet i Finland, vil kostnadene auke til ein stad mellom 120 og 150 milliardar årleg.

I Nasjonal alkoholstrategi (2021-2025) som vart lansert våren 2021, vert det vist til eit globalt mål om reduksjon i skadelig alkoholbruk:

«Verdens helseorganisasjon (WHO) har gjennom handlingsplan for forebygging og begrensning av ikke-smittsomme sykdommer (noncommunicable diseases, NCD) vedtatt et globalt mål om reduksjon i skadelig bruk av alkohol med minst 10 prosent innen 2025 sammenliknet med 2010. Norge har forpliktet seg til å følge opp dette målet.»

– I rapporten til Oslo Economics vert det nemnt fleire moglege årsaker til auka bruk, der alkoholpolitikken er ein av fleire. Det er difor viktig at dei ruspolitiske organisasjonane framover arbeider med dette å påverke korleis kommunane formar dei alkoholpolitiske handlingsplanane sine.

Innlegget er bl.a. publisert på Norge i Dag den 26. april

18.00 7. juni - 15.00 9. juni 2024

Åsane folkehøgskole i Bergen

17.00-19.00 16. juni 2024

Røde Kors konferansesenter i Hausmannsgate 5 i Oslo

17.00-23.00 22. juni 2024

Nesodden, Kirkevik

Nyheter

- Snart vert det stabilt varmare i vêret får vi tru. Då er det å håpe at born og vaksne kan vere i sommarfint samvær både ute og inne. Dette skriv Per-Arne Lillebø, Hjørdis Almelid Vikenes i avisa Vestlandsnytt. Dei er engasjerte i kampanjen "Fyll ferien".

Landsmøtet bestemte i fjor at IOGT skulle gjennomføre en grundig gjennomgang av seg selv for å kunne stå frem som en sterkere organisasjon i 2027. Da er det 150 år siden IOGT ble stiftet i Norge.

Fremtidskonferansen 2024

I fjor ble det i mange byer rapportert om fyll i gatene på 17.mai. Og folk flest er enige om at alkoholkonsumet denne dagen er et problem. I en meningsmåling Kantar har gjort på vegne av IOGT svarer 55 prosent at de er enige i at det drikkes for mye alkohol i samvær med barn på 17.mai.