28. april 2022
I mars lanserte organisasjonane Av-og-til, Blå Kors og Actis rapporten «Samfunnskostnader ved alkoholbruk». Rapporten er laga av Oslo Economics. Han viser at den samla samfunnskostnaden frå alkoholkonsumet er mellom 80 og 100 milliardar kroner.
Spørsmålet er då om vi alle er med på å betalar for kvarandre sitt alkoholbruk. Rapporten viser at kostnadene har ei slik fordeling:
– Undersøkinga som Oslo Economics har gjort viser at det norske samfunnet kan få fleire fordelar ved å redusere konsumet av alkohol - som betre folkehelse, færre alkoholrelaterte skadar, færre dødsfall og betre livskvalitet for pårørande. Det vil også gje stor økonomisk gevinst for samfunnet. Difor vil IOGT arbeide vidare for å få meir fokus på dette med haldningsskapande arbeid når det gjeld ruspolitikk.
Om alkoholkonsumet skulle auke, for eksempel til nivået med konsumet i Finland, vil kostnadene auke til ein stad mellom 120 og 150 milliardar årleg.
I Nasjonal alkoholstrategi (2021-2025) som vart lansert våren 2021, vert det vist til eit globalt mål om reduksjon i skadelig alkoholbruk:
«Verdens helseorganisasjon (WHO) har gjennom handlingsplan for forebygging og begrensning av ikke-smittsomme sykdommer (noncommunicable diseases, NCD) vedtatt et globalt mål om reduksjon i skadelig bruk av alkohol med minst 10 prosent innen 2025 sammenliknet med 2010. Norge har forpliktet seg til å følge opp dette målet.»
– I rapporten til Oslo Economics vert det nemnt fleire moglege årsaker til auka bruk, der alkoholpolitikken er ein av fleire. Det er difor viktig at dei ruspolitiske organisasjonane framover arbeider med dette å påverke korleis kommunane formar dei alkoholpolitiske handlingsplanane sine.
Innlegget er bl.a. publisert på Norge i Dag den 26. april
Julebordsesongen står for døren. #Metoo-kampanjen viser at seksuell trakassering er utbredt, og at det ofte skjer i arbeidsrelaterte sammenkomster der det også drikkes alkohol.
Vi søker en person med kunnskap og engasjement for samfunnsspørsmål og politikk, og som brenner for at politikken skal legge gode rammer for trygge oppvekstmiljøer.
Søknadsfrist: 08.10.2023
«Den sunne livsstil» har vorte ein av vår tids store trendar. Det er det grunn til å gle seg over. Det gjev også grunn til å tru at det etter kvart skal vekse fram ei erkjenning av at ein sunn livsstil også er ein rusfri livsstil.
Det er mye å tape og lite å vinne ved å legge til rette for å normalisere bruk av flere rusmidler. Dyrekjøpte erfaringer med tobakk og alkohol bør mane til stor forsiktighet.
Helseminister Ingvild Kjerkol presenterte ny folkehelsemelding fra regjeringa 31. mars 2023, med blant anna mål om 20 prosent nedgang av skadeleg alkoholbruk.
21. oktober annonserte Helse Sør-Øst (HSØ) omsider resultatet av anbudsprosessen innen tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB) – til stor forferdelse for et samla rusmiddelfelt som oppfatta konklusjonene til HSØ som reine raseringa av feltet.
Kva er fleip og kva er fakta i kunnskapsformidlinga på rusfeltet? Det var overskrifta då leiar av IOGT Midt-Norge, Per Arne Lillebø, kalla inn til inspirasjonsseminar på Rica Parken Hotel i Ålesund fredag 29. november.
Nå kan du skrive under på Hvit jul 2024. Ved å skrive under og velge alkoholfritt med barn tilstede, påvirker du holdninger og bidrar til en tryggere jul for enda flere barn.