Grytten: - Alkoholprisane er halverte

I følgje økonomiprofessor Ola Honningdal Grytten er alkoholprisane her i landet halverte dei siste 20-25 åra, halde opp mot den generelle lønsutviklinga.

Dette kom fram då Grytten under IOGT sitt inspirasjonsmøte i Ålesund 26. august tok eit oppgjer med myten om at staten tener rått på alkoholavgifta.

- Men alkoholavgifta står faktisk for ein svært liten del av staten sine inntekter, berre mellom 0,2 og 0,3 prosent, fortalde han.

- Set ein alkoholprisen til 115 i 1992, så var han 100 i 1998 – og (hald deg fast): 55 i dag! fortalde Grytten.

- Alkohol er blitt veldig mykje billigare, og mykje av prisnedgangen skjedde under Bondevik-regjeringa, sa Grytten via ein video-link frå Oslo.

 

Berre Danmark har færre fråhaldsfolk

Grytten sitt tema var dei ”makroøkonomiske” konsekvensane av rusbruk i eit samfunn. – Norge, slo han fast, - har gått frå å vere eit land med ekstremt mange fråhaldsfolk i siste halvdel av 1800-talet og eit godt stykke ut på 1900-talet – til i dag å vere eit land med ekstremt få fråhaldsfolk.  

– Det er no faktisk berre Danmark som har færre fråhaldsfolk enn oss, sa han.

- Tala er usikre, sa Grytten, - men ein trur at det i 1830 vart drukke 20 liter alkohol per innbyggar i året. Den elendigheita som følgde rusbruken gav fråhaldsrørsla bein å gå på slik at nordmenn på kort tid gjekk frå å vere fulle til edru. Med dette steig levealderen – og landet gjekk inn i ein sterk økonomisk vekst. Puritanismen auka både arbeidsmoralen og investeringslysta, sa Grytten, som la til at alkoholbruken igjen begynte å skyte fart for alvor frå slutten av 1960-åra.

Billegare alkohol - fleire skadde

Grytten vedgjekk at det var vanskeleg å estimere alkoholen sine skadeverknader i pengar, men han drista seg likevel til å kome med tal som sa at medan kostnadene i 2013 låg 22,3 milliardar over staten sine alkoholavgiftsinntekter, så låg dei i 2021 40 milliardar over.

- Dette vil igjen seie, sa Grytten, - at alkoholskadane kostar kvar innbyggar i Norge om lag 5.000,- kroner i året – og kvar arbeidstakar ca. 10.000,- kroner.

Grytten såg likevel nokre lyspunkt. Fleire unge enn før tek eit fråhaldsstandpunkt. Særleg i Storbritannia er dette ein tydeleg trend.

Nyheter

Første halvår ble annerledes for IOGTs sammen-sentre enn det som var planlagt. En stund var det usikkert om ett eller flere sentre måtte stenges.

IOGTs bistandsorganisasjon FORUT har signert en ny rammeavtale med Norad på over 200 millioner kroner. Pengene skal FORUT bruke på å gjøre verden tryggere for barn.

- Snart vert det stabilt varmare i vêret får vi tru. Då er det å håpe at born og vaksne kan vere i sommarfint samvær både ute og inne. Dette skriv Per-Arne Lillebø, Hjørdis Almelid Vikenes i avisa Vestlandsnytt. Dei er engasjerte i kampanjen "Fyll ferien".