Vaksne sine alkoholvanar betyr mykje

På årets inspirasjonsseminar i IOGT Midt Norge har vi valt å fokusere på oppvekstmiljøet for barn og ungdom. Kva er dei gode rammebetingelsane for ein lukkelig oppvekst og kva kan vi som vaksne gjere?

Torsdag 31. oktober er det klart for Midt-Norsk inspirasjonsseminar i Scandic Parken i Ålesund. Deltakelse på seminar og kveldsbuffet koster 1000 kr per person, men det er satt av gratisplassar til IOGTs medlemer. 

Les mer og meld deg på seminaret her: Inspirasjonsseminar med IOGT Midt Norge.

Kva er dei gode kjeldene til læring, omsorg, tryggleik og tillit?

Familien, barnehagen, skulen, vener og sosiale medie spelar alle kvar for seg og samla ei viktig rolle. På dette seminaret vil vi særskilt fokusere på korleis alkohol- og anna rusmiddelbruk påvirkar barn og ungdom i ulike deler av oppveksten.

Omsorgssvikt og overgrep

I dag bur ca. 115.000 barn saman med foreldre som har alvorlige psykiske lidingar. Alkohol og anna rusbruk forsterkar ofte psykiske vanskar. Om lag 80 prosent av dei som er innblanda i valdssaker er påvirka av alkohol. Mange barn opplever omsorgssvikt og overgrep. Konflikter mellom foreldra kan bidra til psykiske vanskar, søvnproblem og andre helseproblem hjå barn og ungdom.

Barn påverkes også av moderat drikking

Vaksne sitt ”normale” rusforbruk veit vi også kan gi utryggleik, fordi vi som vaksne då endrar oss. Barn som opplever at foreldra endrar seg under påverknad av alkohol kjenner oftare på ein utryggleik og usikkerheit. Ungdom som drikk saman med sine foreldre har høgare risiko for fyll. Samtidig veit vi at ungdom som drikk heime, også drikk meir. I ungdomstida ser vi ein klar samanheng mellom rus og psykiske vanskar. Barn og ungdom tar etter dei vaksne sine alkoholvanar. Vi påvirkar naturlegvis dei som er yngre enn oss.

Les også: Foreldre er de viktigste forebyggerne

Vi må gjere det lett for ungdom å ta rusfrie val

Som vaksne har vi eit særskilt ansvar for å gjere det enklare for ungdom å avstå frå bruk av alkohol og andre rusmiddel. Eksemplet si makt betyr her – som i mange andre forhold ellers i livet - mykje. Sjansen for ein god oppvekst er mykje større dersom det ikkje blir brukt alkohol- og andre rusmidlar av viktige vaksne i barne- og ungdomsåra. Alkoholbruk i nærver av barn høyrer ikkje sammen.

Les også: Politikerne må gjøre det lett for ungdom å ta rusfrie valg

Saman forandrer vi alkoholkulturen

På seminaret vil vi sjå nærare på korleis ”alt henger saman med alt” og at vi er oss bevisst at vi alle kan vere med å gjere vårt. Ein alkoholpolitikk som byggjer på å halde forbruket av alkohol nede i heile befolkninga, til det ansvaret vi har som foreldre, besteforeldre, skule, politi, kyrkje, frivillige organisasjonar og samfunn. Alkoholproblem er ikkje skjebnebestemt – men kan påvirkast. Avslutningsvis kjem vi til å ha ein samtale mellom innleiarane om kva som er dei beste løysingane. 

Målet for seminaret er at vi skal reise frå kvarandre litt meir inspirert og klokare til å fortsette arbeidet for ein mest mogleg rusfri oppvekst for alle. Vel møtt til dialog og nokre spennande ettermiddagstimar med eit innhaldsrikt inspirasjonsseminar i Ålesund!

Les mer og meld deg på

18.00 7. juni - 15.00 9. juni 2024

Åsane folkehøgskole i Bergen

17.00-19.00 16. juni 2024

Røde Kors konferansesenter i Hausmannsgate 5 i Oslo

Nyheter

I fjor ble det i mange byer rapportert om fyll i gatene på 17.mai. Og folk flest er enige om at alkoholkonsumet denne dagen er et problem. I en meningsmåling Kantar har gjort på vegne av IOGT svarer 55 prosent at de er enige i at det drikkes for mye alkohol i samvær med barn på 17.mai. 

Vi er søker kursholder for Sterk&klar Intro i 100% stilling for å gi flere minoritetsforeldre kunnskap om rusforebygging. 

Søknadsfrist: 14.06.2024

Send søknad på finn.no

Alle medlemmer har fått tilsendt en personlig lenke til medlemsundersøkelsen på e-post. Vi trekker ut 3 gavekort på hver kr. 500 til alle som besvarer undersøkelsen.