Er du ein influensar?

Avisa Dagen spanderte 20. juli 2021 ei heilside på IOGT Region MIdt-Norge sitt lesarinnlegg om alkohol på idrettsanlegg. Å vere influensarar kan i moderne tid framleis skje via avisene sine lesarspalter. (Foto: Hjørdis Almelid Vikenes)

I nynorskordboka.no kan vi lese at ein influensar er ein påverkar. Altså ein person som vil påverke nokon til noko. I daglegtale kan ein påverkar også verte omtalt som ein lobbyist. I fleire høve har vi sett at tidlegare stortingsrepresentantar kjem attende som påverkarar. Er du ein påverkar? Nyttar du sosiale media, eller ulike kanalar for å fremje ulike saker som opptek deg?

I så fall, tenkjer du at det er eit gode at vi har influensarar i Noreg anno 2023?

Vi i IOGT Region Midt-Norge tenkjer at det er positivt med folk som står for noko, og som kan seie meiningane sine på gode måtar i ulike kanalar. Difor driv vi haldningsskapande arbeid på rusfeltet. Vi ser dermed på oss sjølve som influensarar. Vil du vere influensar i godt lag? Ja, då har mange frivillige organisasjonar bruk for deg. Meld deg inn - og påverk også i gjennom organisasjonslivet.

For oss iogtarar er det viktig å vere med å skape gode rusfrie møtestadar for folk i alle aldrar.

Ha ein fin vår - og hugs at det finst mange alkoholfrie drikkar!

Leiar Per-Arne Lillebø og nestleiar Hjørdis Almelid Vikenes IOGT Region Midt-Norge