Per-Arne Lillebø,Hjørdis Almelid Vikenes
Alkohol er ei lovleg vare. Alkohol er ei spesiell vare. Denne væska kan medføre avhengigheit. Det er det ikkje alle væsker som kan. Tenk på vatn eller jus til dømes. Viss alkoholen var ei nyoppfinning anno 2022, trur du ho ville ha vorte godkjent som ei salsvare? Eller ville ein ha tenkt at det er kanskje best at ho ikkje vert selt?
Ja, vi kan sitje i rolege tider og tenkje på så mangt. For oss i IOGT som er ein ruspolitisk organisasjon, så forheld vi oss til gjeldande lovverk naturlegvis. Men la oss no tenkje litt høgt i lag.
Korleis skulle ein ha oppført seg på fest viss ein ikkje kunne drikke alkohol? Kva skulle ein ha gjort på? Kva gjer til dømes Juvente, ungdomsorganisasjonen til IOGT, når dei har samlingar utan alkohol? Er det skilnad på det rusfrie arrangementet og ei anna ungdomssamling med alkoholservering? Skjer det andre hendingar viss alkoholen er ein del av selskapet? Korleis ville russetida ha sett ut viss ingen russar hadde rusa seg?
Nei, kven kan vel spå om framtida. Vi får i alle fall arbeide vidare med det haldningsskapande arbeidet vårt. Hvit jul-kampanjen til IOGT, eller kvit jul som vi i IOGT Region Midt-Norge kallar aksjonen, er godt i gang i år. Kva handlar det om? Jau, då oppmodar vi vaksne som er saman med born i dagane 23.-26. desember å setje borna først, og ikkje drikke alkohol nett dei dagane. Kvifor kjem vi med ei slik oppmoding i desember? Det gjer vi fordi statistikken viser at mange barn og unge er uttrygge på dei vaksne dei har kringom seg når dei vaksne nyttar rusmiddel.
Kva tenkjer du? Er det noko vits i å skape nye rusfrie ritual for framtida? Viss du tenkjer ja, er det mange ruspolitiske organisasjonar som har plass til nye medlemer. Velkommen skal du vere til å bli med i IOGT - og vere med på å forme morgondagen for oss alle. Og om du vil støtte opp om kvite juledagar, finn du aksjonen vår på www.hvitjul.no. God kvit jul!
IOGT Region Midt-Norge
Leiar Per-Arne Lillebø og nestleiar Hjørdis Almelid Vikenes
Gode tankar til dette lesarinnlegget fann vi hjå:
https://www.erlik.no/tenk-om-alkohol-ikke-fantes
Leiar Per-Arne Lillebø i IOGT Region Midt-Norge har i mange år verva nye medlemar. Vanlegvis har han saman med andre stått på standar rundt om i regionen og verva folk gjennom fysiske møte, i gode dialogar med andre.
Rusforebygging skjer lokalt. Hvordan er unges helse, trivsel og opplevelse av trygghet i Larvik? Anja Hammerseng er blant innlederne når vi inviterer til politisk debatt.
Hvordan er unges helse, trivsel og opplevelse av trygghet i Sarpsborg? Både foresatte, skolen, politiet, helsetjenesten, kultur- og fritidstilbudet, lokalmiljøet og ikke minst politikerne er alle viktige aktører i det forebyggende arbeidet.
I Bodø får mange mindreårige kjøpt alkohol i butikkene. Politikerne lover å øke kontroller og oppfølging for å stramme inn på dette. Ungdommene selv ønsker flere møteplasser og god undervisning om alkohol og rus. Foreldresamarbeid, som f.eks Sterk&Klar, løftes også frem som en viktig forebyggingsfaktor. Er det tomt snakk, eller vil politikerne satse på forebygging?