Ungdom drikk mindre. Fleire vel å ikkje drikke. Korleis nyttar vi dette i det førebyggende arbeidet?
IOGT, Region Midt-Norge inviterer til seminar om dei nye trendane i alkoholpolitikken, og korleis vi som førebyggingsorganisasjon bør møte dei.
Sted: Scandicparken i Ålesund
Tid: 26. oktober kl. 14:00
På seminaret vil vi fokusere på kva som skjer nasjonalt og internasjonalt. Kva som er det viktigaste i førebyggande arbeid. Og sist, men ikkje minst: Vi skal finne inspirasjon saman til å halde fram arbeidet for eit samfunn med mindre rusproblem.
Etter meir enn 20 år med auke i alkoholforbruket, skjer det endringar i drikkemønsteret blant dei yngste. Ungdom drikk mindre enn tidlegare. Fleire vel også ikkje å drikke. Den same trenden finn vi også i mange andre vestlege land.
Kva er det som skjer i ungdomsmiljøa? Kva er denne utviklinga eigentleg eit uttrykk for? Kva betydning kan det ha for alkoholpolitikken framover? Og kva påverknad kan dette ha for vaksne sin alkoholbruk over noko tid. Å stille disse spørsmåla er viktig. Vi kan stå andsynes eit interessant vegskille i det førebyggande arbeidet når fleire unge menneske vel å drikke mindre eller avstå frå å bruke alkohol. Førebyggande arbeid kan bli enklare og få større gjennomslagskraft.
På same tid har det også dei siste åra blitt aukande merksemd om alkoholen sine skadeverknader på andre enn på alkoholbrukaren sjølv (passiv drikking). Kva skjer med barn – og ungdom som opplever at vaksne drikk for mykje. Når alkoholbruk skadar i trafikken, i heimen og på arbeidsplassen. Dette er berre nokre stikkord. Lista kan enkelt forlengast.
Korleis kan IOGT bli meir relevante og representative for alle dei som vel å drikke mindre eller avstå frå å drikke alkohol. Her ligg ei utfordring og ei motivering til innsats. Å forstå motiv som ligg bak er viktig i alt politisk påverknadsarbeid.
Fråhaldsrørsla har alltid hatt ei viktig rolle i å førebygge skadar og problem. Vi skal gjere det enklare å ta rusfrie val, fordi det gjer kvardagen betre for mange. Vår ambisjon er at fleire skal færre skal få rusproblem tett inn på livet. Korleis legg vi grunnlaget og motiverer til ein restriktiv alkoholpolitikk?
"IOGT mobiliserer lokalt og nasjonalt for ein alkoholpolitikk som samlar brei politisk støtte. Det er plass til fleire på laget!
"
- Hanne Cecilie Widnes, generalskretær i IOGT
Mina Gerhardsen, generalsekretær i Actis, vil presentere dei nye trendane og snakke om korleis vi brukar dei i det førebyggande arbeidet. Generalsekretær i Legeforeningen peiker på andre viktige nye trendar i det alkoholpolitiske ordskiftet. Alkoholbruk er ikkje lenger ei privatsak. Når alkoholbruk blir eit problem for andre enn berre brukaren sjølv kan det motivere fleire til å vere med å førebygge. Stortingspolitiker Kjerti Toppe seier at fråhaldsstandpunktet slett ikkje har gått ut på dato. Og vår eigen generalsekretær, Hanne Cecilie Widnes vil til slutt samle trådane og forklare korleis IOGT arbeider no med å mobilisere lokalt og nasjonalt for ein alkoholpolitikk som samlar brei politisk støtte. Du kan bli ein del av dette arbeidet. Det er plass til fleire på laget.
Det er skuffende at Åse Michaelsen, vår folkehelseminister, avviser tiltak som kan bidra til å redusere samfunnets alkoholutfordringer.
Sterk&Klar støtter og styrker de voksne i deres rolle som ungdomsforeldre og viktige rollemodeller. .
- Vi er enige om at foreldrene må mer på banen, men vi må huske at det er mange foreldre som gjør alt de kan for å hjelpe sine barn, men likevel ikke får det til, sa Frankeh Yaya Colley fra Sterk&Klar Intro til statsminister Erna Solberg på Groruddalstingets folkemøte denne uken.
Utelivet skal være for alle, men utrygghet som følge av overskjenking og vold gjør at mange ikke får de positive opplevelsene de ønsker når de er ute på byen.
Den raude tråden under IOGT Midt-Norge sitt inspirasjonseminar i Ålesund 26. august var visjonen om å kunne skape trygge oppvekstmiljø med ansvarlege vaksne.
ALLE skal kunne leve frie og meningsfulle liv uten at rus skal stå i veien - også mennesker med utviklingshemning. Denne gruppen har lett for å bli kasteballer mellom forskjellige instanser og det er lite kunnskap om hvor mye rus det er blant dem og i hvilken grad det fører til problemer
Møteplaner for de avdelingene som har slike program: