Nye kostråd: – drikk meir vatn og mindre alkohol

Under Arendalsveka i august i år la Helsedirektoratet fram nye kostråd. Vatn vart der framheva som eit viktig element i kosthaldet. Dessutan vart haldninga mot alkohol forsterka.

Helsedirektoratet sitt råd er å drikke minst mogleg alkohol for helsa si skuld. Barn, ungdom og gravide bør avstå heilt frå alkohol.

Vidare rår Helsedirektoratet til at dersom du drikk alkohol, er det lurt å sørge for at du samtidig også drikk vatn, slik at inntaktet av alkohol går saktare og den totale alkoholmengda vert mindre.

Det er positivt at mange ungdommar og andre i dag er bevisste på å nytte vatn som drikke, i staden for andre usunne drikkar. For å oppretthalde normale kroppsfunksjonar er vatn nødvendig. Helsedirektoratet tilrår at ein vaksen med moderat aktivitet får i seg vel 2 liter væske per dag – noko mindre for eldre.

Ivar Aasen sa: «Vatn er den sterkaste drikken. Det driv både kvern og sag.»

Kilde:

https://www.helsedirektoratet.no/nyheter/dette-bor-du-spise--nye-nasjonale-kostrad-fra-helsedirektoratet