Naturleg overstyring – eller alkoholstyring?

Frå naturen si side er vi rusta for å handtere alkohol i små mengder feks frå gjæra mat. Denne alkoholen må kroppen handtere, elles ville maten bli farleg for oss. Men når alkoholkonsentrasjonen aukar må kroppen over på reserveløysingar. 

Lege og seniorrådgjevar ved KaRus-Sør Fred Rune Rahm skreiv ein artikkel om alkohol og natur i bladet Syskenbandet nyleg. Han skriv at det skal ikkje stort inntak av alkohol til før vi får helsebelastningar, fordi det går mot naturen.

Ved høgt alkoholinntak overstyrer og overbelastar vi dei systema som kroppen har for å handtere alkohol på ein sunn og god måte. Overstyring vert for mange inga styring, og spora finn vi i auka helseresiko - ein risiko som for mange vert til faktisk sjukdom. Når du arbeider mot naturen, kan du ikkje styre kva som skjer, og ikkje minst gjeld det eiga og andre si helse.

"

Vi overstyrer og overbelastar dei systema vi har for å handtere alkoholen på ein sunn og god måte.

"

«Du kan meistre verda dersom du let alt skje naturleg, men dersom du arbeider mot naturen, kan du ikkje styre». Dette sitatet er frå Tao Te Ching, ei grunnbok i filosofisk og religiøs taoisme. Det er 2500 år gammal kinesisk visdom. Rahm ser på vår alkoholframferd i lys av denne visdomen. Poenget i Tao Te Ching er at dersom vi handlar mot naturens orden, vil det få negative konsekvensar for oss.

Les også: Ikke bruk alkohol for helsas skyld

Frå naturen av er vi laga for å kunne omsette alkohol i kroppen. Mennesket har genetiske føresetnader for å oppta og bryte ned alkohol. Vi lagar eit enzym som er spesialisert for å omdanne alkohol i kroppen. Ikkje nok med at vi frå naturen si side er rusta for å handtere alkohol, men dette er i tillegg naudsynt for oss. Mennesket vil, frivillig eller ufrivillig, oppleve inntak av alkohol i form av gjæra mat. Denne alkoholen må kroppen handtere, elles ville maten bli farleg for oss. I utgangspunktet skjer ikkje noko mot naturen når vi får i oss alkohol i små mengder.

Enzymet som handterer alkoholen, er ein avgrensa ressurs. Når alkoholkonsentrasjonen i blodet aukar, må alkoholen brytast ned på ein annan måte. Det er ei slags reserveløysing. Det er då andre enzym som må gripe inn, og det går då ut over dei oppgåvene som desse enzyma primært skulle ta seg av. Det er viktige oppgåver som nedbryting av medisinar, handtering av giftstoff og feittomsetting.

I tillegg vil biprodukt av denne prosessen vere skadelege. Vi får ei opphoping av stoff som øydelegg anna vev, og vi får stoff som kan vere kreftframkallande og stoff som er skadeleg for levra. Reserveløysinga hjelper oss med alkoholkonsentrasjonen i augneblinken, men på ein måte som gjer skade på andre måtar.

Les også: Alkohol gir økt helserisiko allerede fra første glass.

Rahm skriv vidare at alkoholhandtering i kroppen er naurleg for oss med låge konsentrasjonar, men det vert "mot naturen" når konsentrasjonen av alkohol aukar. Det å innta alkohol for alkoholen si skuld er altså grunnleggjande "mot naturen". Og kostnadene kjenner vi. Det er svekka helse for den einskilde, vanskar og ulempe for pårørande og for andre.

"

Tek vi våre biologiske føresetnader på alvor, skal vår omgang med alkohol vere prega av ærefrykt og varsemd.

"

Det Rahm særleg peikar på er helsekonsekvensane. Mennesket har lært seg å bruke ei naturleg forutsetning for å kunne overleve, til noko som ikkje er naturleg, og som derfor vert ein helsetrussel. Menneska har gjort dette i fleire tusen år. Men måten har endra seg. I starten vart alkohol brukt rituelt og kontrollert, noko som sjølvsagt reduserte skadepotesialet.

I mellomalder i Europa var det vanleg med svært fortynna alkoholbruk, dagleg, slik som vi bruker saft fortynna med vatn i dag. Slik uttynning av vin er framleis vanleg mange stader. Sjølv om bruken er utbreidd, vert det sjeldan høgare alkoholkonsentrasjon enn det kroppen handterer på naturleg måte.

Les også: Eldre er mer følsomme for alkohol og mer utsatt for sykdom og ulykker.

Men det sosiale kom etter kvart med, og bruken av alkohol vart endra. Slik vi kjenner bruken av alkohol, har det eigentleg vore ei aukande utfordring først dei siste århundra. Og med noko som er "mot naturen", kjem både helseproblem og sosiale problem. Såleis er det og med vår bruk av alkohol. Det skal ikkje stort inntak til før vi får helsebelastningar, fordi vi går mot naturen. Vi overstyrer og overbelastar dei systema vi har for å handtere alkoholen på ein sunn og god måte.

Overstyring kan for mange ende opp med inga styring og auka helserisiko. For mange vert risiko til faktisk sjukdom. Tek vi våre biologiske føresetnader på alvor, skal vår omgang med alkohol vere prega av ærefrykt og varsemd.

Innlegget sto på trykk i Tidens krav den 4. mai

18.00-19.00 29. september 2020
10.00-11.45 1. oktober 2020

Nav Øvre Eiker

18.00-19.30 1. oktober 2020
18.00-19.00 1. oktober 2020
19.00-20.00 1. oktober 2020

Nyheter

Diktatorer, milliarder og «beer girls» er stikkord i vår nye quiz. Vet du hvordan Oljefondets investeringer i alkohol står i veien for FNs bærekraftsmål?

Ta quizen

En ny forskningsrapport avslører at økningen i dødsfall og skader i Latin-Amerika og Karivia-regionen er et direkte resultat av målrettet markedsføring og en rekke bevisste taktikker fra den globale alkoholindustriens side.

- Som tenåring forsto jeg ikke farene ved det jeg valgte, skriver Martine (21). Hun er redd den foreslåtte rusreformen kan ta flere unge liv. Selv begynte hun å ruse seg da hun var 15, og mener ungdom trenger helt andre tiltak enn det som er foreslått i rusreformen. Les hennes brev.